Midlertidig stopp skilt 300h

  • Hjem
  • Aktuelt
  • Oppstart av trafikktryggingstiltak ved Hessa skole ved skolestart.

Oppstart av trafikktryggingstiltak ved Hessa skole ved skolestart.

Oppstart av trafikktryggingstiltak ved Hessa skole ved skolestart

Fleire har lurt på kvifor parkeringsplassen ved Hessa skole har vore stengt, noko som har skapt parkeringsproblem for turgåarar. No er parkeringsplassen open fram til trafikktryggingstiltaka startar ved skolestart.

Grunnen til at parkeringsplassen var stengt i ein periode, var at Ålesund kommune hadde planar om å starte trafikktryggingstiltaka ved skolen tidlegare. No er planen at arbeidet skal begynne i veke 34 (veka då skolane startar på igjen).

Dette er dei trafikktryggingstiltaka som skal i gang:

Området som skal utbetrast er på 150 meter, langs sørsida av Ytre Hessen, forbi Hessa barneskole.

Her blir det laga eit fortau. Fortauet blir 3 meter breitt med ein halv meter skulder med grus. Det blir betongmur med rekkverk på toppen langs sørsida av fortauet mot terrenget. Parallelt med fortauet blir det lagt ei 2,5 meter brei rampe utan skulder som blir tilpassa til dømes der det blir adkomst for gåande til skolen.

Busstoppet blir også utbetra. Her blir det leskur, 3 meter breitt fortau og ei 49 meter lang busslomme med inn- og utkøyring.

Arbeidet er i regi av veg, grønt og anlegg i Ålesund kommune.